Tysdagskvelden møtte ein flott gjeng opp i Hareid sentrum for dugnad. Føremålet med dugnaden som vart arrangert av Hafest var å få planta ut blomar i tjue blomeurnar. Og dugnadsgjengen var så effektive at dette vart gjort på femti minutt.

Utanfor Coop Extra møtte me på dugnadsgjengen Per Johan Rise, Håvard Alvestad og Arve Hestholm. Dei fortalde at Hafest-gjengen hadde organisert dugnaden bra, for på kvar stasjon stod både plantene og urna dei skulle plante i, så dei slapp å bære noko. Dei hadde også fått utdelt ei skisse over korleis dei skulle plante blomane oppi urna, så her var ikkje noko tilfeldig.

Etter vel utført arbeid, gjekk dei vidare til å plante i ei urne utanfor Nordea.

Så no står det store blomsterurner rundt omkring i sentrum og blømer og pyntar opp til 17. mai og sommaren.