Ulstein formannskap vedtok tysdag denne veka at dei har full tillit til rådmann Einar Vik Arset.

Formannskapet diskuterte rådmannen sine næringsinteresser i tråd med kontrollutvalet sitt vedtak tidlegare i vår.

Formannskapet kan ikkje sjå at rådmannen har handla i strid med arbeidsavtalen pkt 12, og konkluderer med at rådmannen sine næringsinteresser ikkje er i strid med kommunens.

Vedtaket vart fatta som eit fellesframlegg og vart vedteke samrøystes.

Meir om saka:

Kritiserer rådmannen

Vanylven-rådmannen er litt overraska over saka

Skal kontakte Vanylven

Krediterer faktura frå Vanylven

– Saka har kome skeivt ut