– Dette er ei merkeleg sak, det har vore rot heile vegen, sa gruppeleiaren i Ulstein Høgre.

Han minna om at kommunestyret vedtok kvar den nye brannstasjonen skal byggjast i september. At brannvesenet etterpå uttalte seg mot dette, meinte han var å ta ein omkamp.

Ordførar Knut Erik Engh (Frp) forsvarte administrasjonen og meinte at dei har gjort alt rett i denne saka. Dei har berre følgt det som kommunestyret har vedteke.

Formannskapet valde å ikkje vedta tilrådinga frå rådmannen om å gje administrasjonen fullmakt til å gjennomføre ein open anbodskonkurranse om etablering av ein ny brannstasjon i Ulsteinvik.

Dei valde heller å slutte seg til teknisk utval sitt vedtak frå dagen før, der dei ber kommunestyret om å avgjere premissane for vidare handsaming i saka, særskilt spørsmålet knytt til tomteval.