Etter sykkelbanen i Ulsteinvik opna i august 2017 har han blitt mykje brukt. Nokre av dei som brukar banen flittig er Mark Winter og Lars Gustavsen. Gustavsen har vore der fleire gonger med sønene Nils og Iver Gjerde (4 år). Til trass for deira unge alder rasa dei rundt på banen i ein utruleg fart, det var tydeleg at dette var noko dei likte veldig godt og hadde gjort mykje.

Sjølv om sykkelbanen er mykje brukt, ønskjer Ulstein og omegn sykkelklubb at fleire tar dei nye fasilitetane i bruk. Det kan vere at nokon har lyst, men ikkje har tora, tenkjer dei.

Difor ber dei inn til kurs.

Dei har fått ein anerkjend teknikkguru innanfor terrengsykling til å kome oppover frå Oslo for å halde kurs i Ulsteinvik. –Aslak Mørstad er ein flink og pedagogisk fyr, seier Mark Winter. Det er ei lang liste med tema han skal innom på kvart kurs, mellom anna sittestilling, pedalar, giring, hopp og svingteknikk.

Eige damekurs

Det skal vere fleire ulike kurs denne helga. Laurdagen er det eit grunnleggande kurs, for nybyrjarar og dei som har litt erfaring frå stisykling. Det er eit kurs for vidarekomne som ønskjer å utvikle seg vidare. Så er det eit kurs for damer/jenter.

– Det blir gjerne ei litt anna stemning med ein gjeng damer når dei får vere utan mannsfolk, meiner Winter. Men om det blir færre enn 8 påmelde vil dei vurdere ei blandingsgruppe.

Sundagen blir det to ulike kurs. Eit for ungdom (rundt 12 til 16 år). Dette er for nybyrjarar og dei som har litt erfaring frå stisykling.

Så blir det eit trenarkurs, som er påbygging frå kursa laurdag, uavhengig av kva kurs dei har vore på. Om nokon melder seg på kurset, og ønskjer å trene barn-/ungdomsgrupper for sykkelklubben, får dei trenarkurset gratis.

Fredagskvelden blir det føredrag om mekking og naudreparasjon av sykkel.

– Sist var det mange som fekk aha-opplevingar om kva som går an og grenser som ikkje er der, fortel Mark Winter om desse sykkel-kursa og legg til at det framleis er ledige plassar.

Sykkelmoro: Terrengsykling er moro for både store og små. Du må vere uthaldande for å halde oppe tempoet på den ujamne overflata. Sykkelbanen er mykje brukt av barnefamiliar, og dei treffer gjerne på folk frå både Ålesund og Volda som har tatt turen til Ulsteinvik for å få sykle her. Frå venstre: Mark Winter, Lars Gustavsen og tvillingane Nils og Iver Gjerde (4 år). Foto: Ingvild Aursøy Måseide
Triks: Lars Gustavsen syner fram litt av kunstane sine på sykkel. Etter kurshelga tenkjer dei byrje med nokre faste treningar, om det er interesser for det. Foto: Ingvild Aursøy Måseide
fire år: Det blir ikkje kurs for fireåringar helga 8. -10. juni, men det var tydeleg at også denne målgruppa kan ha stor glede av terrengsykling. Foto: Ingvild Aursøy Måseide