Tradisjonen tru kjem Hareid IL si humoravis «Fotbladet» ut 17. mai kvart år. Den fyrste utgåva kom i 1970.

Også i år blei avisa seld på Hareid på nasjonaldagen, og også i år har det kome reaksjonar på innhaldet. Vikebladet Vestposten har fått fleire reaksjonar frå ulike hald, og Magne Larsen er éin av dei som reagerer. Han meiner han har blitt mobba gjennom denne avisa sidan han kom flyttande til kommunen i 1971.

– For mitt vedkomande har eg vore offer for mobbing gjennom «Fotbladet» i mange, mange år. No er det nok, seier Larsen.

– Har prøvd å fremje Hareid

Magne Larsen vaks opp på Støylane i Ulsteinvik, men valte altså å slå seg ned i Hareid i vaksen alder. Sidan har han vore involvert i mykje i Hareid kommune, både innanfor kulturlivet og på andre område. Dei siste åra er han mest kjend for å ha stifta og leia arbeidet med Søre Sunnmøre Matmanifest, som alle sju kommunane på Søre Sunnmøre har slutta seg til.

– Eg har gjort det eg kunne for å vere med på å fremje kommunen. Eg starta opp Bigset skulekorps i si tid, som lever vidare i beste velgåande i dag. Så har eg dyrka opp til 100 mål jord. Eg har med andre ord gjort mykje for Hareid, seier Larsen og legg til:

– Men etter mobbinga i «Fotbladet» gjennom mange år, har eg og familien min slutta å feire 17. mai nede på Hareid eller på Bigset. Familien min meiner hetsinga og harseleringa kring det eg har gjort for Hareid kommune ikkje høyrer heime nokon stad. Eg veit det er mange som er samde med meg og familien min, og som rett og slett ikkje føler dei kan feire nasjonaldagen ute blant folk i heimkommunen, fordi denne avisa harselerer så mykje med enkeltpersonar.

Vil vite meir om hensikta

Magne Larsen stiller spørsmål ved kva som eigentleg er hensikta til Hareid IL, med leiar Vegard Gjerde i spissen.

– Kva er formålet med ei slik mobbeavis? Dei må gjerne kome med ei forklaring på kva dei vil få til med ei slik systematisk mobbing av enkeltindivid i Hareid kommune. Det vil eg gjerne ha svar på, seier Larsen.

Han fortel at han slutta å feire 17. mai ute blant folk då han gav seg med korpsmusikken.

– Det har rett og slett vore for vanskeleg for meg og familien. Det er familien min det først og fremst har gått ut over, seier han.

Dette med mobbing og trakassering er eit heitt tema for tida, nemner Larsen.

– Kvifor skal ungdommane våre lese slikt som dette, og bli lært opp i at det er greitt å drive gjøn med andre? 17. mai er dagen vi som eit heilskapleg folk skal kose oss og ha det artig saman, og feire at vi er ein flott og god nasjon. Då opplevast det veldig merkeleg for meg at denne avisa, som eg meiner for lengst burde vore fjerna, framleis får halde på med å spreie mobbing av folk i kommunen, seier Larsen.

I årets utgåve blir Larsen både kalla for «Vestlandsfanden» og «Mat-Magne-Festen», høvesvis for sitt engasjement mot bruken av namnet Vestlandet og hans arbeid med Søre Sunnmøre Matmanifest.

Beklagar til familien

Hareid IL er ansvarleg utgjevar av avisa. Leiaren i Hareid IL, Vegard Gjerde, har lest artikkelen som omhandla Magne Larsen.

– Eg ser på dette som uskuldig moro. Men det er klart, dersom familien føler seg trakka på av dette, så beklagar eg på vegner av Hareid IL, seier Gjerde.

Det er ikkje første gong Hareid IL får reaksjonar på omtale av enkeltpersonar. I fjor meinte fleire at humoren i avisa var langt over streken for det sømelege.

– Vi fekk reaksjonar også i fjor, og prøvde å unngå at det skulle vere sårande ting på trykk i årets utgåve, seier Gjerde.

Som også seier at idrettslaget vil halde fram med å gi ut avisa.

Magne Larsen, mest kjend for sitt engasjement som styreleiar og pådrivar i Søre Sunnmøre Matmanifest, meiner humoravisa «Fotbladet», som Hareid IL gir ut på nasjonaldagen kvart år, burde vore fjerna for lengst. – Eg veit det er mange som er samde med meg, og som rett og slett føler at ein ikkje kan feire nasjonaldagen ute blant folk i heimkommunennar, seier Magne Larsen. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.
Leiaren i Hareid IL, Vegard Gjerde, meiner «Fotbladet» mest av alt er uskuldig moro. Han beklagar likevel til familien til Magne Larsen. Foto: Arkiv.