– Det er i distrikta at fleire no får tilbod om fiber, seier Nkom-direktør Elisabeth Aarsæther til avisa Nationen.

Onsdag la Nasjonal kommunikasjonsstyresmakt (Nkom) fram tala for all elektronisk kommunikasjon i Noreg i fjor.

– Det er den største investeringsviljen i fiber nokon gong. Det gjekk 589 millionar kroner meir inn i fiberinvestering frå 2016 til 2017, sa Aarsæther då ho la fram 2017-tala.

Samla blei det investert nær 4,6 milliardar kroner i fiber i fjor. Utbygginga har halde på i mange år, og ifølgje Aarsæther er områda med størst busetnad no godt dekka.

– Når ein no byggjer ut blir kvar meter dyrare, men det er ute i distrikta utbygginga no skjer, seier Aarsæther til Nationen. Ho synest investeringsviljen er "svært god".

– Det som er ekstra bra er at veldig mange ulike selskap er med og investerer. Det er spreidd over mange selskap i heile landet. Så det blir bygd mykje fiber i distrikta med lokale eigarar, slår Aarsæther fast.

Med stor satsing og investering blir det også fleire kundar. Frå 2015 til 2016 auka talet på fiberabonnement frå 687.000 til rett i underkant av 800.000. Ved utgangen av 2017 var talet på abonnement oppe i 929.000, ifølgje tala frå Nkom. 878.000 av desse abonnementa var i privatmarknaden.

Mykje tilseier at talet på fiberabonnement vil bikke 1 million no i 2018.