Det var tilsette ved Mjøl & Meir, som ligg vegg i vegg med venterommet, som kom på jobb laurdag morgon og oppdaga kva som hadde skjedd. Dei kontakta så teknisk vakt i Ulstein kommune, Jonny Rasmussen, som tok turen for å sjå på skadeverket. Synet som møtte han var nedslåande.

- Dette er veldig trasig. Her har nokon sparka ut døra til toalettet frå innsida, slik at delar av dørkarmen og ei list er øydelagd, seier Rasmussen.

Operasjonssentralen til politiet i Møre og Romsdal melde om hærverket i morgontimane laurdag. Til Vikebladet Vestposten fortel politiet at dei blei kontakta av Rasmussen, og at dei skal innom venterommet på dagtid måndag for å sjå på skadeverket og følgje opp saka vidare.

Håper å identifisere den eller dei som står bak

Det er Ulstein kommune som har oppsyn med venterommet, som reisande til og frå bussterminalen kan nytte fritt både dag og natt.

- Det er veldig dumt at enkelte ikkje har respekt for offentlege rom. Dette er dårleg gjort, seier Jonny Rasmussen.

Rasmussen fortel at det er montert overvakingskamera i venterommet, og at han har kontakta dei som er ansvarlege for drifta av dette, for å få fatt i eventuell overvakingsfilm frå natt til laurdag.

- Håpet er jo at ein får identifisert den eller dei skuldige, så får politiet ta saka vidare derifrå.

Politiet i Møre og Romsdal fortel at dei gjerne ønskjer tips i saka.