Framføringa skjer ute på Sjøsida, like ved skulpturen «Skipsbyggaren» torsdag 7. juni, men dei eldste borna i barnehagane har alt hatt fellesøving i Vikemarka barnehage og generalprøve utanfor Ulstein Amfi fredag 25. mai. Då høyrdest det ut til at dei mange aktørane hadde rapen inne.

Barnehagestyrar Christin Myrene i Sætra fortel at utgangspunktet var den landsomfattande Barnehagedagen, som i år hadde «Skape saman» som motto.

Styrarane i Ulstein-barnehagane var samla til idemyldring og tankar om eit fellesprosjekt då tanken om ein felles-rap for alle førskuleborna kom opp.

Bjørn Tore Øvrelid jobbar i Sætra barnehage. Han er over snittet glad i musikk, og vokalist i gruppa «Kontrollert kaos». Han tok utfordringa på strak arm, og har laga både musikken og teksta til Ulstein-rapen.

Kathrin Rise, styrar i Høddvollbarnehagen fortel at det var viktig for styrarane at rapen skulle ha eit innhald som tek vare på grunnleggande verdiar, og det synest styrarane låtskrivaren har klart med glans.

Strofa som går att mellom versa er slik:

«1, 2, 3, kom igjen

finn ein venn, og gi ein klem».

I nyinnkjøpte T-skjorter med hjartelogo i fronten og teksta «Ulsteinbarnehagane» under, fryda dei nærare 100 borna seg under generalprøva framfor Ulstein Arena.

I Ulstein kommune er det i alt 8 barnehagar, sju av dei er private, ein er kommunal.

– «Skape saman», gjeld også for barnehagane. Det er viktig å ha eit godt samarbeid barnehagane i mellom, og det synest eg vi har fått til i Ulstein kommune, seier Christin Myrene.

Så no er det berre å gle seg til Ulstein-rapen. Framføringa skjer under Bislett Games i Oslo, der ulsteiningen Karsten Warholm skal springe 400 meter hekk.

– Så eg blir ikkje i Ulsteinvik den dagen, men eg håper mange vil finne vegen til Sjøsida for å høyre og sjå aktørane i Ulstein-rapen, legg ho til.

Dei eldste barnehageborna har fått nye T-skjorter og capar, og håper mange vil møte opp for å høyre rapen dei har øvd inn.