Brannsjef Olav Helt Brubakk i Hareid og Ulstein brannvesen har måndag gjort vedtak om forbod mot å gjere opp eld i kommunane Hareid og Ulstein.

"Det vert med dette lagt ned forbod mot alle typar open eld – bålbrenning, eingongsgrillar og annan open brenning utandørs i kommunane Hareid og Ulstein. Dette gjeld både i inn- og utmark.

Forbodet mot brenning av bål og bråte gjeld inntil vidare. Brannsjefen vil melde når forbodet vert oppheva", skriv brannsjefen i vedtaket.

Brubakk skriv også: "Fare for utmarksbrann, og brann i samband med bråtebrenning, på Hareidlandet vurderast til å vere svært stor. Det har i ei lengre periode vore tørt, mykje vind og snøen er borte. Gammalt lauv og plantar, graset frå i fjor, småkvist og lyng er nå lett å antenne. For at faren for utmarksbrann skal verte redusert må det kome ein del nedbør. Væta må i tillegg få tid til å trekke ned i jordsmonnet, og bløyte vissent lauv, daudt gras, tørr lyng, m.m.

I vår har det diverre vore fleire utmarksbrannar på store deler av vestlandet. For enkelte av desse områda har brannane fått store negative følgjer både for folk, dyr, bygningar, samt innog utmark. Fleire kommunar, også i Møre og Romsdal, er det allereie lagt ned forbod mot å gjere opp eld i inn- og utmark."

Brannsjefen opplyser at dei som ønskjer å ha jonsokbål framleis kan sende inn søknad om løyve til dette til brannvesenet.

- Så håpar vi det kjem nok nedbør til då, kommenterer brannsjefen.