Ifølgje ei pressemelding frå selskapet vart dette godkjent på generalforsamlinga fredag.

Styreleiar Tore Ulstein seier følgjande:

- Vi gjer dette for å sikre kapitalstrukturen i eksisterande prosjekt, men også for framtidig satsing og utvikling av konsernet.

I fjor hadde Ulstein Group 1,1 milliard kroner i omsetning. Drifstresultatet var på minus 326,2 millionar kroner.

- Vi er midt i ei omstillingsfase etter den kraftige nedturen som ramma heile olje- og gassnæringa. Sjølv om vi har sikra oss fleire viktige kontraktar i nye segment, vart 2017 eit krevjande år for oss, seier konsernsjef Gunvor Ulstein og held fram: - Arbeidet med å etablere seg i nye segment tek tid, og krev mykje kapital og ressursar. Vi meiner likevel at dette arbeidet vil gi resultat over tid, og at det er grunn til forsiktig optimisme, heiter det i pressemeldinga.