Men verken rådmann eller politikarar visste korleis kommunen skulle gjennomføre kutta. Det blir tilsynelatande opp til einingane sjølve å finne ut korleis. I hovudsak er det velferd og oppvekst, som kvar må skjere ned 1,9 mill. kroner, som må kutte i sine alt stramme budsjett. Enkelte av formannskapsmedlemene gav uttrykk for at kutta var umulege å få til.

På den andre sida såg ikkje rådmannen korleis kommunen kunne auke inntektene på kort sikt. Derfor var einaste utveg å få ned utgiftene.

Økonomileiar Egil Mortensen orienterte både om rekneskapen for 2017, den første tertialraporten for 2018 (dei fire første månadene) - og skisserte ved hjelp av søylediagram korleis kutta vil slå ut for einingane når kommunestyret gjer vedtak seinare i månaden.

Mortensen fortalde først at Hareid kommune kom seg ut av 2017 med eit netto driftsoverskot på 2,9 mill. kroner. Det er betydeleg mindre enn i 2016 då netto driftsresultat vart på pene 16,3 mill. kroner. Ein av grunnane til svekka overskot var at det hadde vorte sett inn fleire medarbeidarar på velferdssektoren; over 8 årsverk. I tillegg kom eit par nye årsverk i oppvekstsektoren, slik at kommunen i 2017 totalt hadde 10 fleire årsverk enn året før.

Tertialrapporten nr 1 for 2018 viser ein tidleg svikt på inntektssida. Av nedgangen på 4,6 mill. kroner totalt utgjer frie inntekter 3,5 millionar.

Negativ folketalsutvikling i Hareid gjer at kommunen blir straffa på statlege overføringar. Fordi folketalsutviklinga i Norge elles er positiv, blir Hareid straffa på inntektsutjamninga.

– Heile Norge påvirkar oss, sa Egil Mortensen.

Mortensen kunne også opplyse at E-skatten i Hareid vil bomme med ein halv million kroner.

Det underlege er at det ikkje vil vere så mykje å hente for Hareid i år på høgare skatteinngang. Kommunen vil få berre ein ubetydeleg av denne auken sjølv. Derfor er kutt og effektivisering dei næraste utvegane. Derimot vil det hjelpe med folketalsauke på sikt.

Med tanke på framtida sette rådmannen lit til det bedriftsutviklingsarbeidet som kommunen er inne i – og som har som mål å skaffe Hareid 200 nye arbeidsplassar.

Oskar Grimstad (FrP) nemnde Ekornesbygget i Hareidsmyrane som ein stad der ein burde få inn nye aktivitetar.