Ulstein kommune har laga ein strategi for korleis dei skal involvere innbyggjarane i større grad i avgjerdsprosessar. Dette blir gjort for å styrke lokaldemokratiet mellom vala.

Kommunen er inne i ein prosjektperiode (2017 og 2018), men for at dei skal lukkast med satsinga på innbyggjardialog også etter prosjektet er over, er det laga eit utkast til ein strategi.

Denne strategien blir no lagt fram til politisk handsaming. Fellesrådet i dag, levekårsutvalet i morgon, teknisk utval torsdag. Deretter går det til formannskapet og kommunestyret.

Strategien har fått namnet "Saman om å skape. Strategi for innbyggjardialog".

182 innspel om turvegar

I strategien står det at kommunen heile tida må prøve ut nye verktøy for innbyggjardialog, der tersklane for brukarane er så låge som råd. Dialog på fysiske og digitale arenaer skal utfylle kvarandre.

182 innbyggjarar gav høyringsinnspel om turvegar i Ulstein-fjella gjennom 3D-kartet Cityplanner. Og særs mange idear kom fram då kommuen inviterte til idémyldring på Facebok om bruk av området mellom Ulsteinvik barneskule og Ulstein Arena. Idéane vart eit grunnlag for landskapsarkitektane som lagar eit samla forslag.

Dialog før avgjerd

I planen står det at innbyggjardialogen bør gå føre seg før premissa i ei sak er lagde, og før det er tatt ei avgjerd.

Innbyggjardialogen skal ikkje avgrensast til saker og prosessar som kommunen tar initiativ til. Det skal også vere mogleg for innbyggjarane å ta opp saker.

Dei folkevalde skal også involverast i direkte i dialogtiltak. No under Smak av Ulstein blir det stand der dei folkevalde skal stå og representere kommunen.