– Det er lett å seie den viktigaste grunnen til at eg sa ja til jobben i Volda/Ørsta: eg hadde lyst på ei 100 prosent stilling, seier Kaldhol.

Ho held på å rydde seg ut av kontoret på helsestasjonen på Reiten.

– Her i Ulstein har eg hatt berre sytti prosent stilling, og sjølv om eg også har jobba med ulike prosjekt og jobba litt for andre kommunar, hadde eg rett og slett lyst på ein heil, fast jobb, fortel ho.

– Litt uklar

I den nye jobben skal Kaldhol ha ein rådgjevande funksjon både for Volda og Ørsta.

– Det har vore veldig kjekt å jobbe her i Ulstein, men organiseringa av kommunelegestillinga er nok framleis litt uklar. Det var tidlegare ein etatssjef, så vart det ei omorganisering, så har det vorte ein mellomposisjon som er veldig uklar. Som kommunelege i Ulstein har du ein del leiarfunksjonar, men du er ikkje med i noko leiargruppe. I nyejobben kjem eg ikkje til å ha noko budsjettansvar eller godkjenne utbetalingar og tilsettingar, seier ho.

Kva vert oppgåvene dine i Volda/Ørsta?

– Det følgjer ein del lovpålagde oppgåver med stillinga, som miljøretta helsevern og smittevern. Så må eg nok engasjere meg i rekruttering av fastlegar, som er eit nasjonalt problem. I tillegg er det ei ny legevaktordning som skal på plass etter kvart, men det vil nok ta litt tid, seier ho.

Forlova med fastlege

Kaldhol fortel at ho framleis skal bu på Skeide og at ho difor kjem til å pendle innover til Volda/Ørsta. Nyleg forlova ho seg med Jørn Kippersund, som er fastlege i Volda. Dei to møttest då dei brukte rundt eit år på å lage ein prosjektrapport om ny legevaktordning på Søre Sunnmøre.

– Det var ei krevjande oppgåve, det er veldig mange som har veldig sterke meiningar om legevakta. Så Jørn og eg måtte ha veldig mykje med kvarandre å gjere utover i den prosessen. Vi vart veldig godt kjende og til slutt starta vi å snakke også om private ting. Vi likte kvarandre veldig godt og sist veke forlova vi oss, fortel ho.

Kippersund var tidlegare kommunelege i Ørsta og jobbar no som fastlege i Volda. Kan det by på problem når du no blir kommunelege?

– Det ser eg ikkje på som noko problem, for eg skal ikkje ha personalansvar for legane. Eg har det medisinskfaglege ansvaret, så det trur eg skal gå bra, seier Kaldhol.

Felles kommunelege?

Inger Lise Kaldhol har fått eit års permisjon frå jobben som kommunelege i Ulstein.

Kommunalsjef Marit Botnen seier at det førebels er uklart korleis dei skal løyse kommunelegeoppgåvene no framover.

– Vi jobbar med saka, men eg trur nok det er vanskeleg å få nokon til å gå inn i eit årsvikariat. Så det eg kan seie, er at vi jobbar med ei intern løysing blant legane, seier Botnen.

Ho fortel også at det i framtida kan verte ei ordning med felles kommunelege i Hareid og Ulstein.

– Det er i alle fall administrativ semje i dei to kommunane om å fremje ei slik sak til politisk behandling no til hausten, fortel ho.

uavklart: – Det er ikkje heilt avklart korleis vi skal løyse kommunelegestillinga no, seier kommunalsjef Marit Botnen. ARKIVFOTO Foto: Iselin Nevstad Øvrelid