Frå 23. til 26. august er det klart for Trebaatfestivalen 2018. Den årvisse festivalen har i år som i åra før fokus på kystkultur, lokalmat og aktivitet for heile familien.

Med på laget ønskjer festivalsjef Line Urke seg fleire gode støttespelarar. No har Sparebank 1 Søre Sunnmøre sagt ja til å bli med vidare som hovudsponsor.

- Det er sjølvsagt utruleg kjekt. Vi er avhengige av gode støttespelarar, og Sparebank 1 Søre Sunnmøre er ein aktør som har vore med på å forme festivalen til det den er i dag, seier Line Urke til Vikebladet Vestposten.

Den fyrste festivalen blei arrangert i 2006, og den gongen var det Ullaholm Båtklubb som arrangerte den.

Hovudsponsor også i år

Sidan Sparebank 1 Søre Sunnmøre etablerte seg i Ulsteinvik i 2007 har banken vore med på å støtte den tradisjonsrike Trebaatfestivalen.

- Vi har hatt eit godt samarbeid heile vegen. Vi har bidrege med aktivitetar, men også nytta ressursar internt i høve festivalen. Vi er med slik som vi har vore med tidlegare, men i år bidreg vi også med litt ekstra i høve festivalquizen. Det blir ikkje berre økonomi og bank, men også mange andre spanande spørsmål. Vi lovar at det blir kjekt, seier regionbanksjef Lillian Breivik.

André Skotheim, banksjef for sal og marknad, var forsiktig med å love at det er han som blir quizmaster, men han er klar på at det blir ein konkurranse folk garantert vil vere med på.

- Vi skal gjere vårt beste for å skape god stemning i festivalteltet, og folk skal få tenkje så det brakar, seier Skotheim spøkefullt og legg til:

- Vi treng ein festival som Trebaatfestivalen. Gjennom eit innhaldsrikt program og med ei tanngard på byen desse dagane beståande av flotte trebåtar, skaper festivalen opplevingar for både små og store i regionen vår. Vi vil som hovudsponsor også oppmode andre aktørar til å støtte denne flotte festivalen.

Treng generalsponsor

Ein festival som i all hovudsak blir drive på frivilleg basis treng også midlar. Festivalsjefen fortel at det ikkje er enkelt å få tak i sponsorar for tida, men at arrangørane jobbar med å sikre Trebaatfestivalen nok midlar.

Trebaatfestivalen er framleis på jakt etter fleire hovudsponsorar og éin generalsponsor.

- Det hadde ikkje vore mogleg å arrangere utan den gode støtta frå sponsorane. Eg vil oppmode dei som kan tenkje seg å støtte eit flott og viktig tiltak. Vêret er bestilt, og vi skal klare å kome i hamn i år også. Dette blir bra, seier Line Urke.

Som legg til at ho kan kontaktast av den eller dei som ønskjer å bidra med sponsormidlar.