Det var i torsdagsutgåva av Vikebladet Vestposten at initiativtakarane Linda Haddal Røssevoll, eigar og drivar av Melshorn Hotell, Harald Sætre i Ulstein Betong Constructer og Georg Grimstad i Bucci Arkitektur & Design fremja eit forslag om å byggje om hotellet til helsehus.

Trioen meiner denne løysinga vil spare kommunen for mykje pengar.

Har fått inn anbod

Ordførar Anders Riise (H) og rådmann Ragnhild Velsvik Berge skriv i eit svar til initiativtakarane at det ikkje blir aktuelt å ta ei ny runde på helsehuset.

– Det har kome inn anbod, og vi vil gå i forhandlingar snarast, seier ordførar Anders Riise.

Talet på anbod ønskjer han ikkje å kommentere på noverande tidspunkt.

Svaret frå ordføraren og rådmannen kan du lese under:

Helsehusprosjektet har vore politisk forankra i kommunestyret, og framdriftsansvaret lagt til den politiske byggenemnda med formannskapet som styringsgruppe  frå starten av. Politisk eigarskap og styring har vore viktig gjennom heile prosessen. Lokaliseringsdebatten har vore gjennom fleire fasar, med tankar om nybygg ved Hadartun, Kjøpmannsgata, Euronics bygget, ved rådhuset og i Bedehusgata og fram til dagens tomtval.

Det var eit viktig prinsipp at helsehuset skulle bidra  til sentrumsutvikling, og ein premiss var at det skulle ligge i tilknyting til mijløgateprosjektet. Nokre kan meine at tomtevalet var feil, men at tomta er vald med tvang stemmer ikkje, men eit resultat av ein lang prosess fram til kommunestyrefleirtalet sitt val. Slik er demokratiet.

Det kan stadig kome alternativ som kan synes betre, men på eit tidspunkt må ein legge nokre alternativ til sides og stå på dei vala ein har tatt. Vi har hatt ein prosess der vi har vurdert andre alternativ, men vi har no kome så langt i proesessen utarbeiding av anbodspapir, avklaringsmøte med marknaden og Doffin anbod at vi er klar for å gå i forhandlingar med dei som har levert tilbod. Å ta inn nye aktørar og starte prosessen på nytt no vil vere uryddig overfor dei som har lagt arbeid i anbodet og forsinke prosessen Det er heller ikkje sikkert ein ny prosess hadde konkludert med at området ved hotellet var det rette. Legesenteret og helsestasjonen har venta lenge på nye lokale, og vi har forpliktingar i høve eksterne leigetakarar. Tomta til helsehuset er kjøpt og betalt, det er difor viktig å halde oppe trykket på framdrifta framfor omkampar som skapar utryggheit for brukarar, tilsette og leigetakarar.

Vi ynskjer Melshorn Hotell og UBC lukke til med vidare reguleringsplanar, utvikling og drift av sine bygg og tomteområde.

Anders Riise

Ordførar og leiar i byggenemnda

Ragnhild Velsvik Berge

Rådmann