Når du kjøper kylling så bør du for all del kjøpe med skinnet på. For betre kylling enn desse du kan sprøsteike skinnet på og så ha i form i omnen med god kraft og saus, det har i alle fall eg til gode å finne. Denne retten inneheld ikkje så mange forskjellige ingrediensane, men himmel og hav så mykje og god smak det blei. Saman med kyllingen kan du servere villris eller grøn salat og godt brød til.

Ingrediensar for 4 personar:

• 4 kyllinglår med skinn og bein (ca. 900 g til saman)

• 200 g små gourmetsjalottløk

• 2 fedd kvitløk, knuste

• ½ ts. chiliflak

• 100 g soltørka tomat

• 3 ½ dl god kyllingkraft/andekraft

• 2 dl matfløyte

• 1 ts. tørka timian

• 1 ts. tørka basilikum

• nokre stilkar fersk oregano

• 1 klase cherry-tomatar

• parmesan, reven

• smør, til steiking

• salt & pepar

• fersk basilikum, til servering

Forvarm steikeomnen til 200 ºC. Krydre og salte kyllinglåra godt med salt og pepar. Varm opp ei jerngryte og smelt ein god klatt med smør i gryta. Brun kyllinglåra på begge sider i 3–4 minutt på middels høg varme, til dei får gyllent og sprøtt skinn. Legg til sides.

Smelt litt ekstra smør i gryta om det trengst og ha i skrella sjalottløk, kvitløk og chiliflak og lat det surre på lav varme til løken er mjuk og blank. Skjær soltørka tomat i tynne strimlar og tilsett i gryta. Lat det surre vidare i eit par minutt. Deretter har du i kyllingkraft, matfløyte, timian, basilikum og oregano. Gi det eit raskt oppkok. Legg tilbake kyllingen i gryta på toppen av det andre. Fordel cherry-tomatar litt rundt omkring i gryta og strø litt reven parmesanost på toppen av kyllinglåra. Sett heile gryta inn i den forvarma steikeomnen og lat steike utan lok i ca. 30–35 minutt, til kyllingen er gjennomsteikt. Smak til krafta i gryta om den treng salt og pepar, men om du slik som meg brukar god kraft og krydrar kyllingen godt vil det ikkje vere nødvendig med store mengdene. Strø grovhakka basilikum på toppen ved servering og nyt ein god kyllingrett saman med tilbehøyr av eige ønske.

mat: Matspalta står på trykk kvar laurdag. Kari Ryslett og Mari-Lene Korsnes er spaltistar. Spalta er eit samarbeid mellom Vikebladet Vestposten og Møre-Nytt. OM SPALTISTEN: Mari-Lene Korsnes og er for tida student i Matkultur og helse ved Høgskulen i Volda, jobbar som butikkmedarbeider og driv i tillegg matbloggen www.medhjerteformat.com. Min store lidenskap her i livet er mat og då spesielt mat laga frå botnen av. Eg håper med dette på å kunne inspirere og påverke andre til å eksperimentere og kose seg med matlaging! Foto: Privat