Tittelen på denne kommentaren er henta frå Dagbladets sportssider denne veka. Eg har pynta litt på språket, men du klarer nok fint å tenke deg fram til originalen. Den var sopass kraftig kost at Dagbladet sjølv forandra tittelen på artikkelen til noko meir etande: Putin serverer oss ein dritkamp. Og han har jo eit poeng. Opningskampen i fotball-VM går (eg meiner gjekk, denne artikkelen er skrive rett før kampstart, torsdag som var) mellom dei to lågast rangerte laga i turneringa – Russland og Saudi-Arabia – og utan ei einaste stor stjerne. Eg kan i farta ikkje namnet på ein einaste spelar på nokon av laga, men eg har ein kjensle av at bortelaget sender utpå ein Mohammed eller tre.

Dei siste åra har det gått meir og meir sport i å blande idrett og politikk. For min del byrja det for ti år sidan, då ein i venekrinsen min kritiserte Beijing-OL. Det var heilt forferdeleg at eit så udemokratisk land med lang og tru teneste i menneskerettskrenking skulle få lov til å vise seg fram på denne måten. I tillegg et dei hund der borte. Før OL i Sotsji var det også mykje utanomsnakk. No er det ikkje heilt nytt å blande politikk og sport, amerikanarane og Sovjetunionen boikotta kvarandres OL under den kalde krigen. Lars Bohinen stod over ein gørr kjedeleg 0–0 kamp mot Frankrike i 1995, i protest mot prøvesprengingar i Stillehavet. I 1992 blei Jugoslavia nekta å delta i Fotball-EM på grunn av krigen på Balkan, noko som førte til at ukvalifiserte Danmark fekk plassen deira (og vann heile greia, men dét er ei anna historie).

Fleire har tatt til orde for å boikotte Fotball-VM i Qatar om fire år. Årsaka er slavekontraktar for bygningsarbeidarar, og livsfarlege arbeidstilhøve. Det døyr i snitt fleire arbeidarar kvar dag under bygginga av stadion der nede. Dei kjem til å vere like daude uansett om vestlege, moralsk oppegåande fotballspelarar deltek eller ikkje.

Misforstå meg rett. Eg forsvarar korkje Russland eller Qatar sine regimer. Dei har begge longe lerret å bleike i menneskerettane sitt teikn, utan at eg treng å kaste vekk spalteplass på noko du har høyrt og lest om mange gongar før. Eller jo, ein ting må nemnast om Russland: 14 000 kvinner døyr av sambuarvald kvart einaste år, og no nyleg har styresmaktene gått til det skrittet å avkriminalisere dette. Ja altså, ikkje drap og alvorlege skader, det er framleis ugreitt. Men det er heilt innanfor å denge dama di litt. Og barna.

Problemet mitt med denne journalistikken er at den berre går éin veg. Det er skikkeleg lett å kritisere Kina, Russland, Saudi-Arabia og andre hottentottar. Desse er ikkje i vår kulturkrets, og dei gjer ting annleis. Kritikken er ikkje like framståande når Brasil arrangerer OL. Og VM. Vi høyrer litt om korrupsjon, og den krympande regnskogen, men så druknar alt i ein sambafest. Det er vel dét ein er redd for: At Russland skal lage ein fire veker lang folkefest og plutseleg verte ufarlege i folks auge. So kaldt vert det nok aldri i helheim.

Den eigentlege opningskampen går mellom Spania og Portugal, hevdar Morten P. i den før nevnde artikkelen. Her har vi ein kanonmatch mellom regjerande europameister og storebror Spania, som vann VM for ti år sidan. Store, glatte stjerner finst der på begge sidene. Vi er snare med å trekke fram kvinneundertrykking og korrupsjon, terrorfinansiering og manglande LGBT-rettigheiter når Russland og Saudi-Arabia skal spele kamp. Men når Spania spelar er det berre fotball. I likevektas heilage and kan ein kanskje nemne Spansk politi som bankar opp demonstrantar i lovlege demonstrasjonar i Katalonia, og som fysisk tvinger folk ut av heilt lovlege vallokale. Ikkje under Franco og fascismen – dette hende i fjor. Men det er ikkje desse tinga som svirrar i hovudet når Ramos og kompani spring ut på fotballbana for å møte Ronaldo og hans tenarar, da er det berre fotball. Det er etter mi meining heilt som det skal. La fotball vere fotball. Eller kanskje ein skulle foreslå å nekte Brasil å spele VM, dei fører jo krig mot indianarar i Amazonas. Og om Kina nokon gong skulle kvalifisere seg kan ein jo påpeike at dei framleis et hund.

No nyleg blei Fotball-VM 2026 tildelt halve Nord-Amerika. USA, Canada og Mexico skal arrangere turneringa i lag. Eg vonar at norske sportsjournalistar set seg inn i det groteske amerikanske helsevesenet i åra som kjem. Eller at dei skriv om korleis politiet i Canada ikkje gidd å etterforske bortføringar av tenåringsjenter frå First Nations, altså dei innfødde. Dei blir valdtatt og drepne, eller seld inn i sexindustrien. Kanskje dei i forkant lagar nokre reportasjar frå fracking-felta i Alberta, her snakkar vi om olje som er dobbelt så miljøskadeleg enn anna olje. Eg forstår godt om dei avstår frå å reise til Mexico, etter dagens mordrate kjem dei til å gå tom for kritiske journalistar i 2023. Men det er usikkert om Morten P. og kollegaer fell under denne kategorien. Eg tykkjer vi kan halde oss til mantraet om å halde idrett og politikk ifrå kvarandre, om du vil vite kor ståda er for menneske rundt om i verda finst der andre kanalar enn sportssidene til riksavisene. NRK har mykje godt på nettsidene sine. Og forresten, som avslutning byr eg ein gratis fun-fact om Kina: Roald Amundsen og fylgjet hans åt opp alle hundane dei brukte på veg tilbake frå sørpolen.