- Eg veit ikkje kva eg skal gjere, dei skremmer kundane mine, seier Kristin Myrvågnes på frisørsalongen Tijera.

Ho siktar til dei vaksne måsane, som er agressive mot dei som går over plassen.

Dei to måseungane har tydelegvis ikkje lært seg kunsten å flyge. I staden spankulerte dei rundt på plassen, medan det som truleg er foreldra, skrik og flyg nært alle som nærmar seg.

Fugleungane ser altså ut til å ha ramla ut av reiret på eitt taket.  Spørsmålet er korleis dei no skal kome seg tilbake dit..?

- Ver tolmodig

Det kan ornitolog Alv Ottar Folkestad svare på:

- Nøkternt sett er dette ikkje så mykje vi kan gjere noko med. Det beste er å vere litt tolmodige og la måseforeldra ordne opp i dette sjølve, seier han.

Å få dei opp att i reiret er nok uråd, men Folkestad trur at foreldra i løpet av eit par dagar vil geleide ungane nedover mot sjøen.

- Men det er svært tidleg for ein måseunge å forlate reiret. Vanlegvis vert egga klekte no i midten av juni, seier han. Flygedyktige vert dei først når dei er rundt fem veker gamle.

Det at dei er så små kan likevel ha berga livet deira då dei fall ut av reiret.

- Som nyklekte veg dei svært lite. Hadde vekta vore større ville dei kunne ha skada seg eller slått seg i hel etter eit slikt fall.

Alv Ottar Folkestad roar også dei som er redde for å verte angripne av måsar.

- Sjølv om det vert ein del skrik og skrål, så er ikkje måsane farlege. Berre vis litt tolmod, så ordnar det seg truleg til slutt, oppmodar han.