Vegtrafikksentralen Midt-Norge melde måndag ettermiddag via sin Twitter-konto at Eiksundtunnelen var mellombels stengd, medan det blei gjort oppryddingsarbeid i tunnelen.

Ifølgje Vegtrafikksentralen var det eit køyretøy som hadde stoppa, og at det var ein oljelekkasje frå bilen. Difor måtte det ifølgje politiet spylast og ryddast i tunnelen før den kunne opne igjen. Tunnelen var stengd ei stund, men er no opna igjen.