– Eg gler meg veldig og eg er van med å stå på scena. Men foreldra mine kjem til å vere der, det er aller første gong dei skal sjå meg live, og det stressar meg nok litt, fortel Holte, som framleis reknar seg som volding. Han har bikka femti, «men det er berre på papiret», som han seier.

Hypnoseshowet under Båt og bacalao-festivalen vert det første Holte har på Søre Sunnmøre nokon gong. Men det betyr ikkje at han er eit ukjent fjes her.

– Eg vil seie at eg starta kar-

rieren min i Volda og i Ulsteinvik. På hotellet i Ulsteinvik hadde eg Søndagsklubben, der vi arrangerte diskotek, hadde karaoke, show og eg var DJ. Det var i førre hundreår, på 90-talet, og det kom mange frå heile Søre Sunnmøre, så eg kjenner mange i området, fortel han.

Med i Spårtsklubben

For nokre år sidan flytta Holte til Alicanteprovinsen i Spania. Der driv han eigen dykkeskule og har lansert sin eigen kleskolleksjon Han orienterer seg «worldwide», har laga tv-show i ni ulike land, og er kanskje meir kjend i utlandet enn i Noreg. Men nyleg var han med i programmet «Spårtsklubben» på VG-tv, der han hypnotiserte programleiarane.

– Det har teke heilt av, programma har fleire millionar visingar og eg vert stoppa av born og ungdomar som spør etter autografen. Du veit, først brukar eg halve livet på å bli kjend- no må eg vel bruke resten av livet til å bli gløymd, ler han.

Avtalen med Båt og bacalao var booka lenge før suksessen med Spårtsklubben. No har han ei lang liste med førespurnader om å halde show ulike stader i landet.

Hypnotiserer frivillige

Torgrim Holte er spent på om det kjem publikum i Ulsteinvik.

– Eg gler meg veldig i alle fall, det blir omtrent som å kome heim. Eg håper det kjem mykje folk, eg skal by på både hypnose og standup. Og sidan eg kjenner mange i området, kan det hende eg dreg fram nokre historier.

Og kven har du tenkt å hypnotisere?

– Ingen ting er avtalt på førehand. Eg tek fram frivillige frå publikum, det brukar ikkje å vere noko problem.

Ny festival

Det er ekteparet Line Urke og Hugo Antonsen som arrangerer Båt & Bacalao. Dei to står også bak den godt innarbeidde Trebaatfestivalen.

– Men det er ikkje lett å starte ein ny festival i nedgangstider, seier dei.

Båt & Bacalao går over to dagar: fredag 22. og laurdag 23. juni. Dei fortel at målet er å få jonsokfeiringa tilbake til sentrum. Det skal setjast opp telt på Kulturallmenningen, der Fjøresteinane skal ha konsert fredag før hypnoseshowet. Rocky Road spelar opp til dans fredagskveld og -natt, medan det laurdag vert mellom anna veteranbiltreff, gamaldagse jonsokleiar, kunstutstilling, festivalpub med rømmegraut, før tenning av jonsokbålet på Sjøsida og jonsokdans med Contrazt i teltet.

– Vi trur det skal vere plass til denne nye festivalen, for det er viktig med aktivitet i sentrum, seier Hugo Antonsen.

Line Urke og Hugo Antonsen er spente på korleis Båt & Bacalao blir motteke. – Folk ser nok an vêret litt, seier dei. Foto: Linda Eikrem.