Talet for Ulstein er 101 millionar kroner, noko som er ein auke på 34 prosent frå same periode i fjor.

Det er 287 personar i Ulstein som har slik gjeld. Dei skuldar i snitt 351.900 kroner, ifølgje ei pressemelding frå Lindorff.

Talet i Hareid er 249 personar, som i snitt har ei gjeld på 178.000 kroner dei ikkje klarer å handtere.

Innbyggarar i Hareid står oppført med til saman 44,3 millionar i inkassogjeld, noko som er ein auke på 30 prosent.

Administrerande direktør i Lindorff, Siv Hjellegjerde Martinsen, oppmodar alle som har problem med å betale for seg om å ta kontat med leverandørar og inkassoselskap.

- Dei ein skuldar pengar er ofte positive til å finne løysingar, til dømes ved å utsetje betaling, avtale om nedbetaling eller avtale om å returnere ei vare, seier Martinsen i pressemeldinga.