Det har lenge vore rapportert og informert til politiske utvalg og råd om innsparingstiltak og framdrifta i omstillingspakken i bedrifta Ulstein Kommune. Politikarane har gjort vedtak om innsparing, så administrasjonen gjennomfører soleis ei bestilling frå oss.

Det har heile vegen vore kjent for oss at ein hadde overtallige lærarar ved Ulstein Kompetansesenter, grunna reduksjon i talet på deltakarar i norskopplæring og introduksjonsprogram.

Reduksjon i området spesialpedagogiske tiltak og planar om å legge ned Snoezelenavdelinga, var nytt for oss då vi tilfeldig fekk høyre om det for litt sidan.

Dette burde politikarane vore orienterte om, når ein for få år sidan møtte brei politisk motstand mot å fjerne denne avdelinga, og politikarane i Ulstein vil gjerne vere med å ta ansvaret for innsparingane. Spesielt kutta som rammar dei svakaste.

I Levekårsutvalet fekk vi opplyst at dei faglege beslutningane hadde oppvekstsjefen ansvaret for, men i orienteringa rådmannen la fram i kommunestyremøtet torsdag stod det at PPT si beslutning om å ikkje tilrå dette som metode, er årsaka til reduksjonen.

Kven har teke den faglege beslutninga egentlig, og kvifor vart ikkje dette lagt fram for oss som dokumentasjon/grunngjeving i saka?

Pårørande har fortalt oss om anbefalingar frå barnehabiliteringa om å flytte til Ulstein for best mulig hjelp for barna sine, blant anna på grunn av tilgang til Snoezelensenteret som ikkje mange kommunar har maken til.

No har både foreldre og politikarar fått vite at metoden ikkje er forskningsbasert, og soleis ikkje vert tilrådd av PPT. Vi burde vel ha fått framlagt dokumentasjon på at det vi har holdt på med på Ulstein Kompetansesenter i over 10 år, ikkje viser noko resultat og måloppnåing i høve opplæringa for desse borna.

Har vi i over 10 år nytta ei metode for våre svakaste, som PPT no meinar ikkje virkar?

Rådmannen har tidlegare uttalt at ein skal ikkje legge ned, ein endrar oppmøteadresse til Dagsenteret i Holseker, og så skal vi altså delvis, eller for nokre av desse borna med ekstra utfordringar, halde fram med ei metode som ikkje virkar?

Slik saka har vore framstilt kan ein i verste fall tenke at tilrådingane frå PPT vert tilpassa ei nedskalering, eit sparetiltak i Ulstein Kommune. Det må i sofall politikarane vere klar over, godta og tenke mulege konsekvensar av.

Er det berre dei barna som etter tilråding frå PPT om Snoezelen som får dette tilbodet, og når vart det endra?

Tidlegare kunne spesialpedagogane for førskulebarna nytte denne, etter mitt syn svært læringsfremjande arenaen, som ein metode i undervisninga. Dersom spesialpedagogane hadde gjennomført grunnleggande kurs om Snoezelen, og hatt eit visst antal undervisningstimar i avdelinga med bistand eller som observatør saman med avdelingsleiaren.

Har ikkje førskulebarna og spesialpedagogane denne muligheita lenger?

Her er det veldig mykje vi ikkje skjønar, og vi har veldig mange ubesvarte spørsmål i denne saka, både ang.det faglege og prosessen.

Vi har fått skrifteleg informasjon gjennom notat til kommunestyret frå rådmann og administrasjon, og vi har fått saksopplysning frå organisasjonar, samt mange henvendingar langsmed frå brukargruppa. Det er lysår imellom synspunkta, fagleg vurdering, og generell oppfatning av kva, korleis og på kva grunnlag denne beslutninga er fatta og gjennomført på. Det kom tydeleg fram i Levekår, og var bakgrunn for bestillinga om orientering i kommunestyremøtet.

No er det slik at rådmannen og politikarane er ikkje, og skal ikkje vere «spisskompetente» på kvar einaste liten del av bedrifta Ulstein Kommune. Både rådmannen og vi er avhengige av god saksfakta, dokumentasjon og informasjon frå dei som har kompetansen og erfaringane på dette.

I denne saka har vi også sett at brukarane, foreldra til barna som har nytte av snoezelenmetoden har vore verdifull kilde til informasjon og kunnskapsformidling til oss. Dei har og stått på barrikadane og kjempa for at barna deira framleis skal ha denne læringsarenaen.

Vi i Ulstein Arbeidarparti skulle helst sett at Ulstein Kommune var slik vi brukar å vere, nemleg framoverlent, i denne saka. JA visjonære i forhold til dette tilbodet, denne avdelinga. Kommunane rundt oss har ikkje dette tilbodet, kva med å tenke nytt, auke og vidareutvikle tilbodet, selge timar der til andre, istadenfor å nedskalere?

Vi har fått opplyst at kommuna sjølv kjøper alternative tenester, også private, for store summar i året. Dette fordi vi har innbyggarar som treng slike tilrettelagt arenaer for både læring og livskvalitet, om dei er forskningsbaserte og i den kategorien ein no legg til grunn er eg usikker på. For meg er det viktigaste at desse menneska utviklar seg.

Derfor kan ikkje vi i Ulstein Arbeidarparti godta ei slik omorganisering, flytting eller nedlegging med dei opplysningane eller saksfakta vi har eller ikkje har pr.idag.

Vi er difor takknemlege for at rådmannen i Ulstein no vil legge fram eiga sak ang.Snoezelen-tilbodet i Ulstein. Vidare er vi også fornøgde med at han kunne bekrefte på våre spørsmål at Snoezelenavdelinga på Ulstein Kompetansesenter består til politikarane har fått behandla saka, og at han vil sikre ein god prosess der ynskje vårt om tverrfaglege vurderingar med tilsette, fagforeiningar og brukarperspektivet vert representert. Dette var moment som Ulstein Arbeidarparti var opptekne av i det varsla oversendingsframlegget, men som ein slapp å fremje sidan rådmannen tok grep om saka.

Då kan vi få ei godt utgreidd sak på bordet som vi kan ta stilling til, og vi får vere med å ta ansvar for kutta vi har pålagt administrasjonen. Å få vere med i beslutningar, vere med å fordele goder, det er for meg å få lov å drive politikk. God sommar!