(NPK): Nettstaden er ein database over alle kyrkjebygg som høyrer til Den norske kyrkja. No er sida gjort meir brukarvenleg.

Den viktigaste nyvinninga på nettstaden er søket «Finn kyrkjer i nærleiken», som listar opp dei nærmaste kyrkjene akkurat der søket vert gjort. Om du er i ein ny, i din eigen by eller bygd, eller i eit dalføre fullt av stavkyrkjer – kirkesøk.no fortel deg kvar nærmaste kyrkje er. Eit klikk til, og du får tilgang til alle viktige data om kyrkja, og mange bilete. Du kan også søke på fylke, epoke, byggjemateriale og vernestatus.

Seniorrådgivar hos Riksantikvaren, Ingeborg Magerøy, brukar kirkesøk.no i jobben kvar dag. Ho er begeistra for den nye versjonen av nettstaden.

– Den aller største forbetringa er korleis det no fungerer på mobiltelefon. I tillegg har det komme fleire nye funksjonar og søkjemåtar, sa Magerøy i ei pressemelding.

Administrerande direktør i KA Arbeidsgiverorganisasjon for kirkelige virksomheter, Marit Halvorsen Hougsnæs, oppfordrar alle som skal på Noregs-ferie i sommar til å bruke kirkesøk.no når dei kjem til nye stader.

– Kyrkjene er ikkje berre gudshus, dei er også viktige kulturbygg og signalbygg. Svært mange stader er kyrkja den eldste bygningen, og ein kan lære mykje om ein by eller eit tettstad ved å studere kyrkja eller kyrkjene på staden, seier ho.