Telenor Norge AS har søkt Ulstein kommune om å føre opp ei telekommunikasjonsmast som er rundt 18 meter høg. Denne skal stå ved det eksisterande telekommunikasjonshuset på Flø.

Teknisk utval skal ta stilling til søknaden torsdag 5. juli, då dei er samla til møte. Kommunalsjef teknisk rår til at dei gir dispensasjon på visse vilkår. Grunnen er at ny antenneberar er naudsynt for oppgradering til nyare teknologi. Basestasjonen vil syte for betre dekning for mobile kommunikasjonstenester. Og tiltaket skal etablerast i eit område der det alt er etablert inngrep, som molo, småbåthamn, oppdrettsanlegg, feriesenter og Telenor sitt eige telehus.

Såleis vil ikkje tiltaket hindre fri ferdsel i strandsona.

Styr unna hekkesesongen

Så var det vilkåret. Kommunalsjefen rår teknisk utval til å setje som vilkår at anleggsarbeidet i det vesentlege må gå føre seg utanfor den mest aktivie hekketida til sjøfugl (april til august).