Ulstein Group har kalla inn til pressekonferanse i dag, onsdag, klokka 12.30.

Det er ikkje opplyst noko tema for pressekonferansen, men etter det Vikebladet Vestposten kjenner til, skal det serverast kake.

Vikebladet Vestposten skreiv for ein månad sidan at Ulstein Verft skulle vere svært nær signering av ein ny kontrakt:

- Vi jobbar med spanande prosjekt, både her og der, sa visekonsernsjef Tore Ulstein til Vikebladet Vestposten, før søstera og konsernsjef Gunvor sa:

- Men for å seie det slik, vi håper å ha noko på plass før vi startar sommarferien i år.

Vikebladet Vestposten erfarte då at Ulstein Verft ikkje var langt unna å signere ein betydeleg kontrakt på eit spesialskip.

Følg med her på vikebladet.no for meir om dagens pressekonferanse.