Hareidsordførar Anders Riise (Høgre) seier at ut frå eit lokalt og nasjonalt perspektiv er godt at Rolls-Royce Marine no kjem på norske hender.

Kongsberg Gruppen ASA er eit selskap som er etablert her i området frå før, så dei kjenner det maritime miljøet her og kulturen.

Riise er glad dei tilsette no får ei avklaring, samtidig som det er ei viss uvisse fram til Kongsberg seier kva dei vil gjere med det oppkjøpte selskapet.

Håper dei blir verande i Hjørungavåg

Hareidsordføraren håper at dei blir verande i Hareid. Dei har eit flott bygg i Hjørungavåg, med hallane som er der og eit ferdig og klart kontorbygg som rommer mykje.

– Dette var ei god melding å få inn i ferien, ikkje minst for dei tilsette, seier han.

– Er dette noko du har arbeidd opp mot regjeringa for å få til?

– Me har gitt nokre signal om at me ønskjer norsk eigarskap, svarer Riise.