Demokratiprosjektet til Sunnmøre regionråd IKS blir avslutta eit år før tida. Grunnen er at dei ikkje fekk støtte til vidare drift av prosjektet frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Prosjektet skulle eigenleg vare fram til våren 2019, men no er det avslutta.

Alle kommunane på Sunnmøre var med i prosjektet, bortsett frå Vestnes og Ørskog.

Erlend Krumsvik, som var prosjektleiar for prosjektet, takkar kommunestyra for at dei har sendt delegatar til møte.

– Dette prosjektet har truleg vore unikt i norsk politisk samanheng, då det har samla folkevalde frå nær alle kommunane på Sunnmøre. Erfaringar har blitt utveksla, og kjennskap og vennskap har blitt etablert, skriv han.