Dette skjer etter ønskje frå Sameiet Sjøsida 1. Dei argumenterte med at parkerte bilar står i vegen for bosbilen, varelevering og eventuell utrykking.

Hanne Notøy (Arbeidarpartiet) minna om at dei berre to dagar før møtet i teknisk utval såg kor viktig det er at det ikkje er bilar som står i vegen. Då det tok til å brenne i kjølerommet på Folk var det viktig at brannbilen kom fort fram.

Det vart også snakka om at det er fleire stader i sentrum det er eit problem at bilar stiller seg opp, som baksida av Blåhuset.