Søndag morgon skreiv lensmannskontoret i Ulsteinvik ut tre naudpass.

- Dei som går helgevakt har ikkje kompetanse til å skrive ut pass. Difor måtte eg kalle inn ein førstekonsulent, som har pass som sitt arbeidsområde. Heldigvis sa vedkomande ja til å møte på jobb, fortel Pettersen.

To av passa vart skrivne ut til to born, som saman med familien skulle reise på ferie til utlandet søndag kveld.

Då foreldra oppdaga at passa til borna ikkje var gyldige, var det for seint å skaffe vanlege pass.

- Foreldra fortalde at dei ikkje hadde tenkt på det, at dei hadde gløymt å sjekke passa til ungane. Søndag måtte dei også finne ein fotograf som kunne ta passbilde av borna, seier Pettersen.

Også ein vaksen person frå Ørsta måtte få naudpass på lensmannskontoret i Ulsteinvik søndag.

- Vi strekte oss langt

Lensmannen fortel at politiet gjer det dei kan for å hjelpe folk i ein naudsituasjon, men at naudpass er unnataket, ikkje regelen.

Ifølgje politiet kan slikt pass bestillast viss folk har bestilt ordinært pass som ikkje kjem fram i tide, viss ein ikkje finn det ordinæret passet og viss det oppstår heilt uføresette ting som alvorleg sjukdom/dødsfall i familien.

- Eg rår folk til å sjekke om passet er gyldig allereie når dei bestiller reisa, seier Pettersen.

Han fortel at lensmannskontoret i Ulstein og Hareid stadig skriv ut naudpass, men at det som regel skjer i opningstida på kontoret.

- Dei som skal ut og reise kan ikkje rekne med at vi kan bruke folk på overtid for å ordne pass, men vi vil sjølvsagt strekke oss langt for å yte best mogleg service. Denne gongen ordna det seg, men det kan oppstå tilfelle der vi må seie nei og folk må avlyse reisa, seier lensmannen.

id-tjuveri: Den omfattande ID-tjuverisaka starta å rulle etter at ei kvinne tok kontakt med politiet. Ho hadde oppdaga at nokon hadde oppretta eit mobilabonnement og bestilt varer på nett i hennar namn. Arkivfoto: Linda Eikrem Foto: Linda Eikrem