Dotterpartiet til Sosialistisk Venstreparti har i Møre og Romsdal mobilisert seg for å kjempe for desentralisering.

Det heile starta då SVs stortingsrepresentant Nicholas Wilkinson, besøkte Volda sjukehus, for å snakke med dei tilsette. Då fekk han vite at dei ikkje utfører gastrokirurgiske inngrep, også kalla blautkirurgi av mage/tarm i helgene. Noko som betyr at pasientar må reise heilt til Ålesund sjukehus for å få utført akutte inngrep, sjølv om Volda sjukehus både har nok bemanning og nødvendig utstyr for å utføre kirurgien.

Tilsette ved Volda sjukehuset meiner at sju dagars akuttberedskap ikkje ville ført til auka kostnadar, men tvert imot ført til moglege kutt i transportkostnadar. Problemstillinga tok Wilkinson vidare til helseminister Bent Høie. Høie forklarte at dette er helse Møre og Romsdal, og Helse Midt-Noreg sitt ansvar. Då Høie ikkje kunne gjere noko med saka bestemte Victor Starheim (leiar i Møre & Romsdal SU) og Elise Stokken (leiar Volda & Ørsta SU) å ta saka i eigne hender.

Råkar heile regionen

Det er viktig for dei å understreke at om dei unge skal bli i regionane, so må ein ha tilgang til nødvendig behandling også i nærområdet.

-Det handlar ikkje berre om at det er eit sjukehus i Volda. Det handlar om heile regionen, for dette er sjukehuset som dekkjer store delar av Sunnmøre pluss delar av Sogn og Fjordane. Det er ein del av desentraliseringa som vi ser i dag. Tilboda for dei som bur i distrikta blir dårlegare og dårlegare. Møre og Romsdal er eit distriktsfylke, så det er veldig viktig at vi held på dei fullverdige goda som også skal vere i byane. Ein skal ikkje måtte reise langt, eller flytte for å få nødvendig behandling. Sjølv om man bur ute i regionane har ein same retten på velferdssystemet som i byane. Det eit viktig tema som er nøydd til å bli lufta. Sjølv om vi er ein ungdomsorganisasjon som ikkje har noko særleg direkte makt, tykkjer vi det er veldig viktig at ungdomen kan ta på seg denne saka. Da signaliserer vi at unge skal bli i distrikta, og er da nøydde til å ha gode tilbod, forklarar 19 år gamle Victor frå Molde.

-Volda sjukehus får dei største pasientdraga frå Ørsta, Volda, Herøy og Ulstein. Vi tykkjer det er viktig å engasjere folk som vert påverka, forklarer Elise Stokken

-Vi har også vore i kontakt med Yvonne Vold, som er fyrsterepresentant for SV i fylket. Ho har tatt opp saka for fylkestingsgruppa til SV, fortel Elise.

Demonstrasjon

SU arrangerer demonstrasjon utføre Volda sjukehus førstkomande laurdag. -Det er opent, alle kan delta. Vi skal ha slagord å rope ut og halde plakatar og liknande, forklarar Victor.

Det blir også nokon appellar. -Vi får blant anna ein gjest frå Sogn og Fjordane SU som skal snakke om korleis også Nordfjord blir råka av dette. Det har skjedd ei sentralisering også i Førde, noko som har ført til at sjukehuset på Eid har blitt vengeklipte, og folk må reise til sjukehuset i Volda. Dette råker dei og, forklarer 16 år gamle Elise.

Føretaksmodellen

Ungdomane meiner at føretaksmodellen som er i dag, ikkje fungerer.

-Det er noko gale med føretaksmodellen. Den må fiksast slik at det er lettare å gripe inn om det er noko som er viktig. Prinsippet er at det offentlege blir organisert slik som det private, men når helseministeren i Noreg ikkje kan gripe inn, då ser ein at det er noko som må endrast. Vi har gått inn i det, og sett at føretaksmodellen set det opp slik at Helse Midt-Noreg sjølve har ansvaret, fortel Victor.

-Når det er deira sitt ansvar, og saka ikkje går gjennom helseminister eller departementet so er det ikkje sikkert at dei har resursane til å utføre det heller, da. Det er eit problem med føretaksmodellen, tilføyer Elise.

Dei har snakka med Yvonne Wold som er leiar av fylkestingsgruppa til SV, ho har teke opp problematikken rundt føretaksmodellen på fylkestinget. -Vi tykkjer at det er viktig å sjå nærmare på dette, om det er noko med den føretaksmodellen som kan endrast, forklarar ungdomane.

Slå ring om sjukehuset

SV i Ulstein held med SU. -Moderpartiet og lokallagsleiar på Søre Sunnmøre er opptekne av å støtte SU sitt initiativ. Vi er mektig stolte av å ha ein så sterk ungdomsorganisasjon. Det er ikkje så frykteleg lenge sidan SV byrja å vekse på Sunnmøre, men vi har likevel ein sterk ungdomsorganisasjon som slost for framtida til dei som skal bu her, fortel lokallagsleiar for Ulstein SV, Elin Pedersen.

-Vi har slost for sjukehuset i Volda, men no ynskjer vi å slå ring om heile sjukehuset, ikkje plukke det ifrå kvarandre bit for bit. Det er viktig at dei vaksne politikarane i området også tek ansvar og møter opp, ikkje berre vi frå SV. Det er viktig at vi alle går saman slik som vi har gjort før, er på lag og kjempar for heile sjukehuset, forklarar Elin.

-Det er ikkje ei sak som treng å vere partipolitisk nødvendigvis, det er ei sak som kan angå alle, som alle kan stille seg bak og seie; Dette er kjempeviktig! Men SV har alltid vore veldig opptatt av desentralisering og velferdstilbod. Difor er det naturleg at det er vi som har vore opptekne av dette hittil, forklarar Victor, leiaren i møre og Romsdal SU.

Leiar: Leiaren i Volda & Ørsta SU, Elise Stokken, kjempar for sju dagars akuttberedskap for gastrokirurgiske inngrep på Volda sjukehus. Foto: Emily Louisa Millan Eide