Ein mann i tjueåra er send til sjukehuset i Volda, etter ei trafikkulukke i Eiksundtunnelen tysdag kveld.

Mannen var åleine i bilen, som køyrde inn i tunnelveggen.

- Det siste vi høyrde var at han hadde fått hovudskadar, men vi veit ikkje kor alvorleg det er, seier operasjonsleiar i politiet, Kenneth Sætre.

Ulukka skjedde i 23-tida og tunnelen vart stengd.

Sjåføren kom seg ut av bilen sjølv og fekk så hjelp av andre trafikantar.

Og ifølgje Sætre førte ulukka til ein del oppryddingsarbeid.

- Ja, tunnelveggen fekk skadar, som igjen førte til det vi kallar nedfall. Og i tillegg ligg det ein del knust glas frå ulukkesbilen. Politiet er framleis på staden, men det er truleg entreprenøren som må kome og rydde før tunnelen kan opnast, sa han til Vikebladet Vestposten i 2-tida.

Det  danna seg ein del kø på begge sider av tunnelen.

Tunnelen vart opna igjen i 3-tida natt til onsdag.

Vikebladet Vestposten har fått tilsendt ei rekkje videoar som vart filma like etter uhellet. Videoane viser at det er store skadar på tunnelveggen og at det ligg mange delar frå ulukkesbilen i vegbana. Bilda i denne artikkelen er henta frå desse videoane.

Kenneth Sætre er operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt Foto: Politiet