Her jobbar dei begge på kontrakt-avdelinga i Ulsteinvik.

– Eg er prosjektleiar for kontraktsavdelinga, fortel Lill Marit.

–Eg sit med serviceavtalar på same avdelinga, tilføyer Synnøve.

Endå gladare enn førre fredag

For dei var det ei svært god nyheit at det var Kongsberg gruppen som enda opp med å skulle kjøpe bedrifta.

– Eg merkar at eg er utruleg letta! Det var det vi alle håpa på, og kryssa fingrane for at skulle skje. Det var det fyste alle tenkte då det vart klart at divisjonen skulle seljast. Men det har vore mange innom å kika, so ingenting har vore sikkert før no. Vi har vore veldig nysgjerrige på kven dei har vore, fortel Synnøve.

–Korleis er stemninga på Rolls-Royce i Ulsteinvik no?

– Folk er veldig glade, fortel Synnøve.

–Eg trur faktisk at folk er gladare no enn dei var på fredag, for no har det hatt litt tid til å søkke inn. No innser vi kva det faktisk kan bety for oss, og kva moglegheiter det at marinedivisjonen skal kjøpast opp av Kongsberg Gruppen kan bringe oss i Ulsteinvik. Dette er ein eigar med eit langtidsperspektiv, som kan vere med å vidareutvikle teknologien, og skape noko stort. Dette er veldig positivt, fortel Lill Marit.

–Vi er eit supplement til Kongsberg Gruppa, som vil komplettere porteføljen deira. Dei har lenge vist interesse for denne delen av businessen, og det at dei vil ha oss er kjekt, stadfestar Synnøve med eit smil.

Husa steig med eitt i verdi

Dei tykkjer det er viktig at bedrifta framover skal vere i henda til eit norsk selskap.

– Eg gler meg mest ovanfor bygda og nærområdet, som får behalde arbeidsplassane. At det ikkje er ein utanlandsk aktør eller konkurrent, med ein kort strategi for kva dei ynskjer å gjere med verftet, som har kjøpt oss opp. Ein slik kjøpar hadde kanskje byrja å dele opp og selje bedrifta, eller flytta arbeidsplassane ut av landet, seier Synnøve, og held fram:

-Vi veit ikkje om alle får behalde jobben eller ikkje, for det blir nok omorganiseringar. Men eg trur at oddsa er mykje betre no, enn om ein utenlandsk konkurrent hadde kjøpt oss opp, og potensielt flytta bedrifta ut av landet. Eg har bygd meg hus her, og har planar om å bu her resten av livet. No tenkjer eg at husa våre med eitt steig 10 % i verdi. Kongsberg Gruppen verkar som det mest stabile alternativet, så eg er nøgd, seier Synnøve Grimstad.

Vidareutvikle teknologien

Men dei trur det kjem til å ta tid før ein merkar nokon forandringar.

– Eg trur ikkje at vi kjem til å merke store forandringar med det same, seier Synnøve.

–Vi må sjå kva planar dei har for Ulsteinvik, og Sunnmøre. Korleis dei ynskjer å lokalisere oss og organisere oss, fortel Lill Marit.

–Vi som arbeider på ettermarknaden, med reparasjonar av eksisterande båtar har gjort det veldig bra til trass for nedgangstider i bransjen. Eg håpar at Kongsberg Gruppen plukkar dette opp, og er med å vidareutvikle teknologien. Vi arbeider med nye konsept på ettermarknaden, som vi kanskje er åleine om i verda, forklarer Lill Marit Baade.

Håpar kompetansen blir

Dei tykkjer det er viktig at Noreg held på ny teknologi.

-Norske verksemder blir stadig vekk selt til utenlandske eigarar. Det er flott at politikarane no tok tak og sørga for at vi fekk norske eigarar. Kanskje er det vi som denne gongen kan hente noko nytt frå andre land? Foreslår Synnøve Grimstad

– Kompetansen blir forhåpentlegvis i nærområdet, og det er svært positivt, seier ho.

Høghall: Det er mange thrusterar som har blitt reparerte i Rolls-Royce sin høghall. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll
Kongsberg Gruppen: Fredags morgon vart det klart at Kongsberg Gruppen skal kjøpe Rolls-Royce Marine. Foto: Marius Myklebust