– Til dagleg jobbar eg som sjukepleiar på ei skjerma demensavdeling på sjukeheimen i Ulsteinvik, fortel Hasund

Nasjonalforeningen for folkehelsen er ein frivillig, humanitær organisasjon, med helselag og demensforeiningar over heile landet.

– I 2013 vart det samla inn 230 millionar kroner til Nasjonalforeningen for folkehelsen i den årlege tv-aksjonen. Ordninga med aktivitetsvenn vart starta med pengar frå denne innsamlinga. Så dette har ikkje kosta Ulstein kommune noko, sidan organisering og opplæring vert betalt av Nasjonalforeningen, fortel Kersti Hasund.

Prosjektet Aktivitetsvenn Ulstein vart starta i 2017. Opplegget vart presentert for og godkjent av kommunestyret, og Nasjonalforeningen gjennomfører dette i samarbeid med kommunen.

– Visjonen og målet for prosjektet er å gje demente ein betre kvardag og betre livskvalitet. I dag finst det ingen kur for demens, men forsking viser at fysisk og mental aktivitet kan bidra til å forseinke sjukdomsutviklinga. Mange demente er einsame og kjem seg ikkje så mykje ut blant folk. Og så er det slik at mange pårørande er slitne og treng avlasting.

Har ordninga med aktivitetsvenn nokon effekt?

– Ja, eg meiner at det er effektivt, fordi det kan gje dobbel glede. Ut frå opplysningane vi får om den demente og den frivillige, prøver vi å finne gode matchar. Aktivitetsvennen treng berre å gjere noko som han/ho likar, saman med eit menneske med demens. Det kan vere alt frå å gå ein tur, gå på kafé, kino, konsert, fotballkamp, lese, spele spel, fare på fisketur. Menneske med demens er ganske like oss som ikkje har sjukdomen: dei likar å gjere noko kjekt, og den gode kjensla varer lenge sjølv om hugsen ofte er dårleg, seier Kersti Hasund.

Ho fortel at Aktivitetsvenn-tilbodet finst i 218 kommunar og at det på landsbasis er rundt 3.000 aktivitetsvennar. Gjennomsnittet ligg på 13 aktivitetsvennar per kommune.

– Her i Ulstein vil vi veldig gjerne ha fleire. Det er mange menneske med demens som ønskjer ein ven som kan ta han eller henne med på frivillige aktivitetar. Du treng ikkje fagleg kunnskap eller erfaring for å melde deg som aktivitetsvenn. Men det er sjølvsagt ein fordel å lære litt om kva demens er og kva som er venta av deg. Difor har vi eit opplæringsprogram for nye aktivitetsvennar, det går over to kurskveldar.

Kva lærer de vekk på kurset?

– Då lærer aktivitetsvennane mellom anna korleis ein kan kommunisere med ein person som har demens. Og ein kan spørje viss ein lurer på noko. Vi i arbeidsgruppa er tilgjengelege, og det vert organisert evalueringsmøte saman med andre aktivitetsvennar.

Kva treng menneske med demens?

– Dei treng å verte møtt med vennlegheit, oppmuntring og respekt. Det er viktig å ha god tid og tolmod. Eldre treng ofte lenger tid og litt hjelp, men det dei greier sjølv må dei for all del få gjere sjølv, seier Kersti Hasund.