Politikarane presiserte at dei ikkje er generelt imot oppdrettsanlegg i kommunen.

- For min del er det ikkje snakk om generell motstand, men eit spørsmål om plassering, sa Annika Brandal (V).

Administrasjonen fekk i oppdrag å setje av føremålstenlege areal til akvakultur i sjø, eit arbeid som skal vere basert på tverrfaglege avvegingar av lokale og regionale interessekonflikter. I vedtaket heiter det også at ein skal foreslå tilstrekkeleg areal på land til nødvendig infrastruktur og servicefunksjonar knytt til akvakultur og anna havbruk.

Rønnaug Mork, som er hyra inn i arbeidet, sa at det ville vere lettare for Hareid kommune å få medvirkning til planen dersom ein fekk til noko konkret.

– Det kan lett bli for mange «fargestifter», sa ho i ei orienterande innleiing til saka.

Ein fjordkommune

Eit av karta som Mork viste, slo fast at Hareid merkar seg ut med å vere ein typisk fjordkommune, d.v.s. at kommunen sine disponible sjøområde ligg stort sett i fjordsystemet. Ulstein sine område ligg meir til havs og inneskjers, medan Herøy er ein diger havkommune.

Med dette startsignalet avliva politikarane i Hareid ei oppfatning om at kommunen var imot oppdrettsanlegg på generell basis – eit inntrykk som skal ha festa seg etter at vart slutt på slike anlegg både i Brandal og i Almestranda.

Oskar Grimstad (FrP) meinte at tidlegare avslag gjekk på at voluma var større enn ein var klar over. Han peikte også på at kommunen måtte få ein kompensasjon for å legge til rette.

Bernt Brandal (Folkelista) sa at slike anlegg måtte kome først og fremst etter at ein hadde teke omsyn til busetjing og ålmenta sin bruk av områda. - Områda må vere til minst muleg ulempe for andre brukarar. Gjer vi dette på rett måte og tek omsyn, så slepp vi bråk i neste omgang, meinte han.

Stian Runne Brandal (AP) sa at økonomien hadde vore det sentrale for han sist i 2013. – Eg sleit med å sjå fordelen ved å ha slike anlegg som ikkje var knytt til kommunen og ikkje førte med seg noko økonomisk.

Rønnaug Mork, som no skal gå i gang med planarbeidet, fortalde at ho hadde tjue års privat arkitektpraksis i Fredrikstad og deretter åtte år med byutvikling i Oslo.