I samband med at Hareid kommune skal bygge ein fotballhall i Hareidsmyrane har Multiconsult vore i sving med gravingar og nedsetjing av rør for å sjekke om der er forureinande sig inn i fotballhall-tomta frå ein tidlegare midlertidig bossplass.

Det var ordførar Anders Riise (H) som fortalde dette under det ekstra formannskapsmøtet torsdag.

Riise presiserte at det ikkje låg noko dramatikk i undersøkinga, men at resultatet at prøvene kunne kome til å justere avstanden mellom hallen og den tidlegare bossplassen.