Rise Bygg skal prosjektere og bygge helsehuset

Anders Riise, ordførar og Ronny Nipen, dagleg leiar i Rise Bygg.  Foto: Hareid kommune

Nyhende

Rise Bygg fekk oppdraget med å prosjektere og seinare bygge nytt helsehus for Hareid kommune.

Ordførar Andres Riise og dagleg leiar i Rise Bygg, Ronny Nipen, signerte fredag avtalen.

Prosjekteringa skal etter planen starte etter sommaren og vil gå føre seg fram til årsskiftet, skriv kommunen på si nettside.

Byggestart skal vere i byrjinga av 2019.