– Å kome til hytte nummer to er som å komme heim, seier Anke.

Allereie i november i fjor la dei inn bestilling på hytte nummer to ved Flø Feriesenter, samstundes som dei tinga plass på Kiel-ferja.

Dei fortel at det er godt å kome bort frå ein stressande arbeidskvardag i Tyskland for å nyte det rolege livet på Flø.

Fint utgangspunkt for turar

– Flø dannar også eit godt utgangspunkt for turar på Nordvestlandet, fortel Anke og ramsar opp Geiranger, Hjørundfjorden, Runde og Briksdalsbreen som flotte reisemål i nærleiken. Det er også ein fordel at det ikkje er så langt til Ulsteinvik og Ålesund.

Utsikta frå terrassen på hytta, mot Runde og havet, er ei av årsakene til at dei kjem til Flø år etter år.

– Trivelege folk, ordentlege omgjevnader og eit bra sanitæranlegg er også noko vi set pris på. I tillegg er det veldig bra at området ikkje er kommersialisert, skyt Kai inn.

Frå terrassen kan dei studere dyrelivet i nærleiken, og dei fortel at dei har fått sett både havørn og oter.

Dei har reist rundt i Noreg, på Sørlandet og inne i fjordane, men det er Flø som er favoritten.

Passeleg folksamt

Dei tykkjer Flø er perfekt med tanke på at det ikkje er så folksamt der, men likevel nok folk til at ein ikkje kjenner seg fullstendig isolert.

– Men vi har opplevd å vere dei einaste gjestene her, ein gong då vêret var skikkeleg dårleg, fortel Anke.

Vêret er lunefullt her ute ved havet, men Anke og Kai finn alltids på noko å gjere uansett om det er sol eller regn.

– Dersom vêret er bra plar vi å dra ut på sjøen for å fiske. Å ligge ute på sjøen med dette fantastiske panoramaet rundt seg på alle kantar er ei flott oppleving. Men vi må vere forsiktige og ikkje undervurdere naturen. Heldigvis har vi ikkje hatt nokon uhell så langt, seier dei.

Ekteparet vart tipsa om Flø Feriesenter av nokre venner som hadde vore her tidlegare. Førte gongen dei kom hit var saman med dei to borna sine i 2005. I år er det første gongen dei er her åleine.

– Eg fekk nettopp melding frå dottera vår som er i New Zealand om at ho saknar Noreg, fortel Anke.

Trivelege folk og ordentlege omgjevnader er noko av det Kai og Anke set pris på ved Flø Feriesenter, noko campingplassinnehavar Eldar Stein Flø (t.h.) vert glad for å høyre.