(Møre-Nytt): Sommarvikariat er ein viktig rekrutteringsplattform for sjukehuset, samstundes som det gir verdifull praksis for dei som er undervegs i studia. For nokre, er sjukehuset i Volda første møte med arbeid utanom praksisen i skulen. På sjukehuset får dei eit breitt spenn av arbeidsoppgåver, og får prøvd prosedyrane under trygt oppsyn.

– Det som er greitt med eit så lite sjukehus, er at ein får sjå fleire ting enn på t.d. Haukeland. Der er ortopedisk og gastrokirurgisk to skilde avdelingar, men her er det på same plassen. Og her har ein både gynekologi og nybakte mødrer i same gangen, seier Oda Blø Brune, som har studert medisin i Bergen i tre år.

No er ho halvvegs i utdanninga, og søkte sommarjobb i Volda for å spe på kunnskapen.

– I praksisen på skulen, følgjer ein legane rundt om. Då får ein ofte berre glimt av pasientane og diagnosane. Her vert ein meir kjent med pasientane og avdelingane. Ein arbeider meir sjølvstendig, meiner ho.

Tjuvstartar på heimebane

Ein annan som har teke turen heim frå studiane i Bergen, er Olav Standal Tangen, som er ferdig med første året i sjukepleiarutdanninga.

– Arbeidet her er likt som på sjukeheim, der eg har arbeidd tidlegare. Etter sommaren skal eg ha sjukehuspraksis, så eg «tjuvstartar» no i sommar, seier han.

– Så er det veldig kjekt å kome heim til familie og kompisar. Det er ein balanse mellom kor mykje fritid og arbeid ein vil ha om sommaren. Eg føler eg får mykje att for å gjere dette.

– Lærer noko nytt kvar dag

Karen Ose Lid frå Ørsta, som er ferdig med tredje året på medisinstudiet, har også mykje positivt å seie om Volda sjukehus.

– Det er ein kjekk og lærerik plass, der eg stadig lærer nye ting. Kvar dag er det noko nytt. Og dei som arbeider her er kjekke folk som står på for at pasientane skal ha det best mogleg. Eg kan definitivt tenkje meg å arbeide her heime på Sunnmøre, seier ho.

Allsidig

Sjukehuset har også sju turnuslegevikarar i sommar. Som legevikarar, tek dei over stafettpinnane til dei vanlege turnuslegane.

Robin Kleppe Olsen har studert fem og eit halvt år i Bergen, og meiner til liks med dei andre vikarane at små sjukehus har sine fordelar.

– Her får ein gjort og sett litt meir enn andre plassar. Det er ikkje like spesialisert som Haukeland eller Ahus, men ein får vere med på prosedyrane. T.d. ta i mot slagpasientar, noko ein ikkje får der. Her er det meir allsidig og ein vert meir involvert. Ein vert ein del av crewet. Eg vil mykje heller jobbe her, enn på eit stort sjukehus, meiner han.

Bratt kurve

Ida Noreide Grønli seier læringskuven i sommar har vore bratt, men givande.

– Ein har mykje ansvar, og lærer mykje på ein gong. Det kan vere både bra og skremmande. Ein får prøvd seg skikkeleg. Men det er alltid nokon ein kan ringje til, og alltid nokon som vil hjelpe deg. Det er veldig kollegialt, så ein føler seg aldri åleine. Det verkar som alle kjenner alle her, og ein vert teken godt i mot.

Tre av vikarane har fått fast turnus frå hausten av.

Kontinuitet

Avdelingssjef Mona Ryste på medisinsk avdeling, seier dei set stor pris på å få inn gode vikarar i sommarmånadane.

– For å ha eit tilgjengeleg, høgspesialisert og trygt helsevesen, har sjukehuset behov for dyktige ferievikarar. Desse er svært viktig for oss for at vi skal kunne levere effektive, verknadsfulle, samordna og koordinerte tenester i ei trygg og sikker ramme, seier Ryste.

– Å ha god tilgang på ferievikarar gir nødvendig kontinuitet i pasientbehandlinga, betre pasientflyt og ikkje minst betre tenester til pasientane våre.

Denne saka blei først publisert av Møre-Nytt.