Hødd J 19 vidare etter straffekonkurranse

Hødd spelte 8-delsfinale mot Lier IL torsdag kveld. Dei gjekk fortent vidare etter ein spennande straffekonkurranse. Hødd slo Lier 4-1.

Anna Nerland Aahjem for Hødd i kampen mot Lier. Ingen av laga klarte å avgjere i ordinær tid, og kampen måtte til slutt avgjerast med straffesparkkonkurranse.   Foto: Arne Flatin, Hødd Fotball.

Nyhende

Hødd var i føringa gjennom mesteparten av kampen, men Lier var gode til å forsvare seg, og Hødd fekk ikkje uteljing på sjansane sine. Etter at to omgongar x 30 minutt var ferdigspelte, stod det framleis 0-0 mellom dei to laga. Heller ikkje ekstraomgongane baud på mål denne kvelden. Dermed enda kampen med straffesparkkonkurranse der Hødd viste at dei har rutinerte spelarar som tolte presset. Keeper Nathalie Eide som speler for Volda til vanleg, redda to av straffene slik at Hødd fekk overtaket. Jentene til Hødd kunne dermed sleppe jubelen laus. No er dei klare for kvartfinale i Norway Cup.