Ein fagarbeidar i Hareid kommune skulle skifte eit lys som var montert oppe på fronten av taket på ein traktor som var parkert inne i garasjen i Hareidsmyrane. Mannen stod på det høgre fronthjulet på traktoren då han glei og ramla ned frå toppen av dekket og ned på betonggolvet, eit fall på 1,4 meter. Fagarbeidaren vart frakta til sjukehuset i Volda, der det vart konstatert rift i dei eine achilles-scenen.

Etter Arbeidstilsynet fekk varsel om denne arbeidsulukke drog dei på tilsyn med kommunen. Dette tilsynet vart gjennomført i mars i år. I tilsynet har dei kontrollert kommunen sitt systematiske arbeid med helse, miljø og tryggleik.

Arbeidstilsynet meiner det er brot på Arbeidsmiljølova. Hareid kommune skal gje tilbakemelding på mellom anna kartlegging og risikovurdering.