Han er prosjektleiar for ei nasjonal innføring av Autopass som skal gjelde for ferjer over heile landet. Opphavleg var planen at Autopass skulle innførast på strekninga Hareid-Sulesund den 1. januar 2019.

– Eg har ingen grunn til å tru at Autopass for ferjer ikkje skal vere klart til 1. januar 2019, seier Dag Hole.

Tanken bak

– Tanken bak innføring av Autopass for ferjer, er at det skal verte enklare for trafikantane, seier Dag Hole i Vegdirektoratet.

– Målsetjinga er også at det skal brukast mindre tid på billettering. Fram til no har dei fleste nytta seg av ferjekort når dei skal ut å reise. Ei ulempe har mellom anna vore at dersom du har Norled sitt ferjekort, så kan du ikkje fylle det på ei Fjord1-ferje og omvendt, forklarer Dag Hole.

For å få rabatt med Autopass for ferje, må ein fylle opp ein sum på førehand. Dette kan gjerast heime via Internett.

Prisnivå

– Ein del som pendlar åleine i bilen fryktar at prisen for ein personbil vil gå opp når Autopass for ferje vert innført. Kva er din kommentar til det?

– Der ein har innført brikkebetaling på ferjesamband, har prisen for ein personbil gått opp nesten 30 prosent, fortel Hole.

Han legg til at dei aller fleste ferjesamband i dag bruker dei same regulativa, og prisane har dermed gått opp over alt, både på riks -og fylkesvegferjer.

– Kva er grunnen til at prisane har gått opp over alt?

– Autopass-brikka registrerer berre sjølve køyretøyet og ikkje passasjerar. For at ein skal kunne halde oppe dei driftsinntektene ein har hatt tidlegare, vert det gjort på denne måten for riksvegsamband, forklarer Hole.

Dette vil med andre ord slå positivt ut for dei som er to eller fleire i bilen. For den som reiser åleine, vil det dessverre slå negativt ut fordi prisen vert høgare.