Tidlegare i sommar vedtok teknisk utval å utbetre rundkøyringa/busshaldeplassen nedanfor Ulstein skule. Dei vil også gruse opp ei rås direkte frå rundkøyringa til skulen. Dette skal gjerast for å betre trafikktryggleiken ved skulen.

Kommuneadministrasjonen varsla då at dei ønskte å få dette på plass til skulestart.

Og no er altså arbeidet i gang.