Det har nærast vorte ein tradisjon: Ulstein kommue set ut hekkar i hovudgata i Ulsteinvik for å heidre eit Karsten Warholm-gull.

Hekkane vart sett ut på begge sider av Sjøgata seint torsdag kveld, etter at Warholm hadde teke EM-gull på 400 meter hekk.

Då var det eitt år sidan Dimna-utøvaren vart verdsmeister på den same distansen, og eit år sidan kommunen feira med å setje ut hekkar i Sjøgata.

Fredag vert dermed alle som kjem til Ulsteinvik møtt av synet av åtte hekkar på kvar side av gata, kvar med eit norsk flagg på.