Ålesund-Sunnmøre Turistforening starta torsdag denne veka ein fellestur som varer til fredag neste veke.

Frå yst i havet til inst i fjellheimen, over fjell, fjord og dalar, frå havflata til opp i høgfjellet. Til fots, på sykkel og i kajakk går turen som er kvalifisert som ekstra krevjande.

I går, fredag, kom dei syklande til Eiksund. Derifrå padla dei over til Rjånes.

Den Norske Turistforening er 150 år i år. Dette er ein jubileumstur.