Det byrja med ein idé og ein mann med stor vilje og gjennomslagskraft. Førti år seinare er helikoptera til Norsk Luftambulanse ein sjølvsagt del av den livreddande innsatsen i Noreg.

Langstrakte fjordar, ugjestmilde fjell og eit uføreseieleg vêr – Noreg var som skapt for ei luftambulanseteneste. Likevel fall ikkje ideen i god jord då Jens Moe, grunnleggjaren av den norske luftambulansetenesta, først henta heim ideen frå Sveits.

Det fjellrike landet i Sentral-Europa hadde hatt ambulansehelikopter i 25 år. Og då Jens Mo og folka rundt han skipa Norsk Luftambulanse i 1977 var det etter sveitsisk modell – eit aksjeselskap og ei stifting. Stiftinga skulle vere medlemsorganisasjon og "pengemaskin".

Historia om den etter kvart så sjølvsagde delen av norsk helse- og redningsteneste kan ein lese i boka Reddet. Ho er skrive av Hanna Nordberg på oppdrag frå Norsk Luftambulanse og er blitt til på forlaget Skriptor.

Redning i lånt helikopter

Boka teiknar eit bilete av ein visjonær grunnleggjar som fekk med seg kollegaer med på ideen om flygande ambulansar. Jan Martinsen var ein av dei som var med på å skipe Norsk Luftambulanse. Han sa opp jobben som ambulansearbeidar i Oslo og blei den første tilsette i stiftinga.

– Det var mange som meinte at det ikkje var nødvendig med helikopter. Me kunne vel vente til pasienten kom på sjukehus? Slik hadde det jo vore i alle år, seier Martinsen i boka.

I 1978 hadde det nystarta selskapet ein idé til korleis dei skulle få meir merksemd. Dei fekk låne eit helikopter frå Sveits som blei frakta med lastebil og Kiel-ferja til Oslo. Der skulle folk få sjå ein demonstrasjon av redning med helikopter under sjølvaste Kollensøndagen 11. mars.

– Me stod jo der i Holmenkollen. Plutseleg kjem det ein person springande bort til oss og seier det har gått eit snøskred på Norefjell, fortel redningsmann Martinsen.

Tolv speidarar var tekne av snøskred på Norefjell i Buskerud. Luftambulansen tok av frå Holmenkollen og reiste ut på sitt første oppdrag. Ti speidarar blei redda ut av snøskredet den dagen. To døydde. Det er ikkje mogleg å slå fast kor mange liv helikopteret var med på å redde, men Jens Moe var nøgd med å få vist fram kor viktig slike helikopter var.

– "Vi har gjort en aksjon som er starten til Norsk Luftambulanse. En bokstavelig 'flying start' hvor vi har vist effektivt dette hjelpemiddelet kan være i en vanskelig situasjon", skriv han om hendinga i boka I trettende time frå 1985.

Vanskeleg samarbeid

Jens Moe var ikkje demokratisk av seg, men følgde si eiga overtyding, kan ein lese i boka. Fleire kalla luftambulanse for luksusmedisin og meinte det var bortkasta pengar. Desse haldningane gjorde samarbeidet med dei andre delane av helsevesenet vanskeleg i starten.

Ambulansearbeidarar smelte igjen dørene og køyrde av garde med pasienten. Det hende også at luftambulansen ikkje blei varsla.

– Det kunne gå ei heil veke utan at me hadde nokre oppdrag. Me sat og leste i lokalavisa om alle ulykkene som hadde skjedd, som me kunne har rykt ut til, fortel Martinsen.

Det blei betre då staten tok over ansvaret for heile luftambulasentenesta i 1998. Det blei fleire basar, fleire oppdrag og fleire pasientar blei berga.

Ny sjef med nye visjonar

I 2015 tok Hans Morten Lossius over som øvste leiar for Stiftelsen Norsk Luftambulanse. Anestesiprofessoren kom frå stillinga som leiar for forskingsavdelinga.

Lossius meinte organisasjonen brukte for mykje tid og pengar på å forbetre helikopter og utstyr, medan det største forbetringspotensial var på den medisinske delen.

Endringa Lossius har gjort, er den største stiftinga har vore gjennom. Fleire mista jobben, regionavdelingane blei lagde ned, kursinga blei lagt heilt om og medlemskapsordninga er endra. På same tid skal det komme tydlegare fram at luftambulansetenesta er drifta med pengar frå staten, og at pengane stiftinga får inn skal brukast på forsking og utvikling av akuttmedisin, opplæring og trening.

– Luftambulansen er genial. Den flyr ut, diagnostiserer og startar behandlinga medan pasienten blir transportert direkte til rett sjukehus. Me må bruke denne moglegheita. Det er her gevinsten i medisinen i framtida ligg, seier Lossius i boka.

Han vedgår likevel at det har vore ei belastning.

– Dei som måtte slutte i stiftinga, var gjerne tidlegare ambulanse- og beredskapspersonell. Dei er idealistar som har bidratt veldig i organisasjonen, og det er vondt å sjå dei gå, men me var nøydde til å ha eit kompetanseskifte, fortel Lossius.

Tolv speidarar blei tatt av eit snøskred på Norefjell i 1978. Redningshelikopter kom raskt til staden med lege. I redningsaksjonen deltok mellom anna lege Jens Moe. Ti speidarar overlevde, to omkom. Foto: NTB Scanpix/NPK.
Legebemanna førstehjelphelikopter var i prøvedrift på Austlandet i eitt år. Helikopteret var stasjonert ved Fylkessykehuset i Akershus og skulle dekke område opp til Lillehammer. Her legeteamet med initiativtakaren lege Jens Moe (t.v.). Foto: Svein Hammerstad/NTB Scanpix/NPK.
Eit helikopter med lege om bord blei først prøvd ut på Austlandet i 1978. Her er legeteamet med initiativtakaren, lege Jens Moe, som viser ein del av førstehjelputstyret i helikopteret. Foto: Svein Hammerstad/NTB Scanpix/NPK.
Pilot Lars-Erik Stav sjekker informasjonen frå ulike vêrkamera og vêrvarselet frå Meteorologisk Institutt i OPS-rommet på éin av luftambulansebasane. Hit går me for å diskutere korleis me skal løyse oppdraga, fortel Stav. Foto: Thomas T. Kleiven.