Brannvesenet rykte ut til melding om røyk frå eit bustadhus i Ulstein kommune tysdag morgon.

Ifølgje 110-sentralen viste det seg at det dreia seg om ein bråtebrann.

I ei twittermelding frå politiet heiter det at også dei rykte ut til bråtebrenninga, som skjedde rett ved eit hus i Haddal.

Det er ikkje fare for at brannen skal spreie seg.