Hødd sitt G19-lag er klare for 3.-runde i NM og får sjølvaste Rosenborg BK på besøk til Høddvoll komande torsdag.

Hødd tok seg vidare frå 1.-runde etter ein dramatisk kamp mot Spjelkavik. Hødd var då i føringa med både 2–0 og 3-1, men Spjelkavik kom tilbake og det var først på overtid Bam Hide sette inn 4–3 og vinnarmålet for Hødd.

Innhaldsrikt blei det også borte mot Stryn i 2.-runde. Ved pause stod det 3–3 mellom laga, men etter at Stryn tok leiinga åtte minutt etter pause handla alt om Hødd. Fire mål på om lag 17 minutt sørga for at Hødd var vidare.

Torsdagens motstandarar tok seg enkelt vidare frå 1.-runde med ein overbevisande 13–0 siger over Trond.

I 2.-runde vart det også ein solid siger. Då vart Namsos slått 5–0 for å sikre seg kamp mot Hødd.

AaFK sitt G19-lag er allereie klare for 4.-runde. Med Håvard Mork Breivik på laget blei Levanger slått 7–6 etter straffesparkkonkurranse.

Hødd, AaFK og Molde er dei tre laga frå Møre og Romsdal som framleis er med i turneringa.