Med til saman meir enn 150 års erfaring frå ulike band på Søre Sunnmøre, var det ikkje vanskeleg å velje seg namn på det nye bandet; «Heimebandet».

Saman med ein bukett rutinerte, heimekjære og godt vaksne vokalistar har kapellmeister Rune Ertesvåg samla nokre av dei beste som framleis kan krype og gå utan hjelp, til show og dans i festivalteltet.

Heimebandet med Rune Ertesvåg, Øystein Djupvik, Bertil Tødenes og Peter Demirov, har erfaring frå ulike band og arrangement gjennom fleire tiår, innan fleire stilartar og tidsepokar. Alt frå storband, via pop til rock, dei kan det meste og er betre enn dei fleste.

Dei har også fått med seg fleire av dei mest profilerte og nytta vokalistane i distriktet, som vil presentere seg frå ulike sider og med ulike stilartar. Dei heimekjære stjernevokalistane er Mari Ann Vattøy, Mette Longva, Trude Børjesson Sørdal, Atle Remøy og Ronald Øvrelid.

Dei tilsaman ni musikarane inviterer til eit show du aldri har opplevt med utvalde låtar i festivaltelt, og spelar til dans etter showet. Heile kvelden er samla i ein billett.

Trebaatfestivalen vert arrangert i Ulsteinvik 23.-26. august.