– Eit reint politisk lokaliseringsvedtak

SSIKT-styret fekk kritikk for å ha omgått dei faglege vurderingane.

Ordførar Anders Riise (H) (lutande over PC-en) og varaordførar Kristian Fuglseth frå Folkelista ser ikkje spesielt glade ut. No vil dei og formannskapet elles ha leiar i kontrollutvalet, Berte Holstad Engen (t.h.), til å ta ein gjennomgang av SSIKT-saka.  Foto: Leiv Arne Grimstad

Nyhende

«Heilt merkeleg», «uverdig», «legitimiteten til styret står på spel», var berre nokre av orda som fall då Hareid formannskap var kalla inn til hastemøte tysdag morgon for å drøfte situasjonen etter at styret i Søre Sunnmøre IKT valde å samle dei tilsette på Reiten i Ulsteinvik – trass i at dei faglege og økonomiske vurderingane tilsa Hareid.