– Ulstein har innflyttingsklare lokale

Andreas Chr. Nørve, styreleiar i SSIKT, seier at han fekk det presentert som at Ulstein hadde innflyttingsklare lokale. Det var avgjerande for han.

Sentralt og innflyttingsklart: Andreas Chr. Nørve, styreleiar i SSIKT og rådmann i Vanylven, seier at SSIKT ønskte ei meir langvarig løysing enn dei mellombelse lokala som supportavdelinga i dag har i Herøy. Dei syntest også Herøy låg litt i ytterkant for dei sju kommunane.  Foto: privat

Nyhende

Nørve seier til Vikebladet Vestposten at det som var avgjerande for han var at lokala i Ulstein var innflyttingsklare til SSIKT. I Hareid skulle dei inn i lokala der biblioteket held til. Det ville tatt tid å tømme det lokalet og byggje det om for SSIKT, men i Ulstein var dei klare.